TFF logoFEATURES
NEWPRESSINFOTFFFORUMSFEATURESPUBLICATIONSKALEJDOSKOPLINKS



 Krig og Filosofi

 Om Teknologisk fascisme

En debatt mot Habermas

Av Hans Ebbing*

Krigen mot Jugoslavia representerer det fenomenet som filosofen Arild Haaland har kalla teknologisk fascisme. Det teknologiske overherredømet til USA og Vesten har sitt ideologiske uttrykk i ein teknologisk-kulturell arroganse. Denne arrogansen er det sentrale kjenneteiknet i alla former for fascisme: forakten for viekskap.

 

I Filosofi i NATO

Den kjende tyske filosofen, Juergen Habermas, har i kronikken Bestialitet og humanitet i Die Zeit og Bergens Tidende i mai 1999 gjort seg refleksjonar over krigen i Jugoslavia. Stykket er viktig fordi det er typisk for den måten mange intellektuelle og politikarar argumenterer på når dei skal rettferdiggjere NATO si bombing -- anten dei har lest Habermas eller ikkje. Argumenta er symptomatiske for ein større, men løynd logikk som eg med filosofen Arild Haaland har kalla teknologisk fascisme.

Habermas kunne etter 1 månads luftkrig gle seg over at den "offentlige diskusjonen og stemningen i Tyskland ikke er annerledes enn i andre vesteuropeiske land". Tyskland er normalisert. Likevel ligg det djup uro bak. Artikkelen hans vart skriven på eit tidspunkt då ein for alvor drøfta om ein skulle setje inn bakkestyrkar i NATO-regi. I så fall ville Tyskland kunne bli tvungen til å marsjere på Balkan for 3. gong i dette hundreåret, eit mareritt som kunne ha enda med open splitting av både NATO og EU. Konfrontert med trugsmålet om ei ny tyske mare snakka Habermas derfor om noko anna: Han talte om Kosovo-krigen si rolle som eit steg i den lange marsjen mot å realisere eit globalt rettssamfunn som har overskrede nasjonalstatane sine grenser og mandatområde -- ein verdsborgarrett som forvaltar menneskerettane med juridiske medel.

I mellomtida vart Tyskland og Habermas løyst frå marerittet ved at Milosovic gav seg utan bakkeinnsats frå NATO. Flyvåpnet greidde det flyvåpenet aldri tidlegare hadde gjort: Vinne krigen utan bakkestyrkar. Konsekvensar av dette vil eg kommentere i andre del av artikkelen. For Habermas sitt generelle poeng -- Kosovo-krigen som eit steg i den lange marsjen for ein global rettsorden, om nødvendig utanfor dei kronglete stiane som er trekte opp av folkeretten -- har det likevel liten betydning om krigen vart avgjort frå lufta aleine eller med hjelp av tysk infanteri.

 

Krigen som universalhistorie

Med krigen i filosofien sitt "universalhistoriske" perspektiv er filosofen på heimebane og ikkje i den verkelege politikken. Berre i dette tiltalande perspektivet kan dei menneskelege lidingane på begge sider av fronten, ikkje minst på den kosovo-albanske sida, som følgje av NATO sin "aksjon", rettferdiggjerast filosofisk. Aksjonen hadde dei tyske styresmaktene si fulle støtte. Dersom Habermas i staden for å snakke om den globaliserte rettsstaten i ei ubestemt framtid heller hadde kasta seg inn i striden med open støtte til eller open motstand mot regjeringa sin politikk, ville det utan tvil ha vore ein fordel for filosofien, særleg i Tyskland. Kan hende óg for politikken.

For her vart den gode Habermas henta inn av ein logikk som går ut over filosofien og språket sine grenser. Det viser seg så alt for tydleg at Habermas si filosofiske utlegging om denne krigen si oppbyggjelege rolle når det gjeld å skape ein global rettsorden, mykje godt fungerer som ei legitimering av dei stormaktsinteressene som er til stades bak NATO si krigføring.

Filosofen sitt første taktiske trekk var å tilbakevise påstanden om at det var slike interesser som styrte krigsprosessen. Utan nærmare grunngjeving slår han enkelt fast at dei stormaktsmotiva som blir tillagt USA og EU, ikkje "forklarer vedtaket om et så tungtveiende, risikofylt og kostbart inngrep" som NATO si krigføring innebar. Han går så langt som å avvise at ikkje ein gong mistanken om slike motiv har noko for seg: "Det er temmeleg magert hva en mistankens hermeneutikk kan rette av anklager mot angrepet på Jugoslavia". (Hermeneutikk = tolkingslære).

 

Når stormaktsinteresser blir menneskerettar

I den ikkje-filosofiske, politiske røyndommen derimot ville utgangspunktet vere det motsette: Er det i det heile tatt tenkeleg at stormaktene ville påta seg så "risikofylte og kostbare inngrep" om dei ikkje hadde sterke eigeninteresser av det? - Uttrykket "angrepet på Jugoslavia" er elles det einaste Habermas nyttar som kan minna oss om at det faktisk var ein krig som gjekk føre seg på Balkan. Heilt i samsvar med den vald som krigen øver mot språket, omtalar han NATO si krigføring elles som "intervensjon", "aksjon", "kostbart inngrep" og liknande. Berre denne nytalen er i seg sjølv ei legitimering og bagatellisering av krigen. Slik blir filosofien henta inn av politikken idet filosofen freistar å unngå han ved å søke tilflukt i "unversalhistorien".

Då bombinga starta 24. mars, kunngjorde president Clinton i sin tale til nasjonen ærleg nok at "aksjonen"var i "nasjonens interesser" (NRK dagsnytt). Samstundes vart sjølvsagt omsynet til menneskerettane framheva. Altså: Det som er godt for USA, er godt for menneskerettane.

Denne offisielle og oppriktige språkbruken, som Habermas i dette tilfellet ikkje legg vekt på, var rimelegvis ikkje like populær hos USA sine allierte som i USA. I retorikken som seinare følgde frå Det kvite hus, vart dei nasjonale interessene tona ned og dei humanitære framheva. Likevel er det slik at ikkje ein gong ei stormakt vil gå til ei så kostbar og risikofylt "aksjon" som ein krig for humanitet alltid vil vere, dersom "aksjonen" var i strid med nasjonen sine interesser. Kostbar stormaktskrig for ekte menneskerettar må ikkje vere i strid med ekte stormaktsinteressene. Tvert om -- det må vere samsvar. Med andre ord: Det som er godt for menneskerettane, er godt for USA.

I tråd med dette sluttar Habermas seg til karakteristikken av USA sin utanrikspolitikk som ein "ny kombinasjon av selvoppofrelse og imperialistisk maktlogikk". Og det er ikkje ironisk meint.

Likevel er filosofen noko betenkt: Denne konsekvente kombinasjonen av imperialisme og sjølvoppofring, det han sjølv kallar "normativt orientert maktpolitikk" på vegne av menneskerettane osb., vil, dersom han blir ført like kompromisslaust som til no "uten å ta hensyn til eventuelle (!) komplikasjoner", ende i bakkekrigen. (Min parentes). Slik krigen utvikla seg, slapp Habermas å bli konfrontert med valet mellom å sende tyske soldatar til Balkan eller å sprenge idyllen i NATO og EU. Han minner oss klokleg om det problemet som kunne oppstå dersom t.d. asiatiske militære forbund, med heilt andre verdinormer (!) enn NATO, praktiserte strategien med ein "normativt orientert maktpolitikk". (Aner vi her ein otte for "den gule fare"?)

Etter mi meining treng Habermas ikkje gå lenger enn til sitt eige fedreland for å hauste erfaringar med kva slik politikk kan ende opp i. Den mest konsekvent normativt orienterte maktpolitikaren i dette hundreåret var utan tvil Adolf Hitler som med ein uhyggeleg effektivitet kombinerte tysk imperialisme med ein svært så kompromisslaus, normativt begrunna utrydding av jødar, sigøynarar og andre i hans augo mindre verdfulle raser. Så endte det i "den totale krig".

Slik treng det likevel ikkje gå i Jugoslavia, i følgje Habermas. For dersom vi ser på den "prekære overgangen fra en klassisk maktpolitikk til en verdensborgerlig tilstand -- slik denne nå utspiller seg på slagmarken i Kosovo -- som en felles læreprosess", er det ei sak med mykje større historiske perspektiv. Då dreier det seg ikkje lenger berre om europeisk krigshistorie, men universalhistorie.

Denne filosofisk opphøgde konklusjonen hadde likevel som stillteiande føresetnad at det ikkje fanst tyske soldatar nede på slagmarka i Kosovo. Den galdt berre så lenge dei heldt seg høgt oppe i lufta. Og slik krigen utvikla seg, har den styrkt Habermas sin argumentasjon, dersom ein først godtek utgangspunktet: At folkeretten i visse høve kan skuvast til sides for å oppnå ein rettstilstand på eit endå høgare nivå.

For at dei eventuelle komplikasjonane med denne felles læreprosessen ikkje skal bli for store, minner han oss til slutt om varsemd: "Det større perspektivet maner også til større forsiktighet. NATOs selvtekt må ikke bli regelen". Men i samband med 50 års feiringa i slutten av april i år vedtok NATO i sitt nye strategiske konsept -- i strid med filosofen sine fromme ynskje - at NATO kan gå til aksjon (krig) utan FN-mandat, og utan å vere bunden av folkeretten som regulerer forholdet mellom statane- out of area. Med andre ord: Sjølvtekt er no opphøgd til NATO-strategi.

Det er derfor ingen grunn til å feste lit til den filosofiske påstanden om at krigen i Jugoslavia er ein felles læreprosess i utviklinga mot eit globalisert rettssamfunn. Tvert om: Berre den folkelege, organiserte motstanden mot denne og kommande krigar -- som freidig kombinerer imperialistisk maktpolitikk med retorikk om menneskerettar - kan bli læreprosessar i kampen for varig fred, rettstryggleik og sosial rettferd. I denne læreprosessen har moderne, europeisk statsfilosofi ingen ting å lære oss.

 

II Teknologisk fascisme

Den høgt utvikla luftkrigen -- frigjort frå styrkar på bakken - har altså gitt kampen for menneskerettane ein ny materiell basis -- ein overlegen krigsteknologi som blir forvalta av eit lite mindretall av statar som er villige til å bruke denne teknologien utanfor folkeretten. Det er likevel ikkje denne teknologien i seg sjølv som gjer dette mogleg, men kombinasjonen av denne med dei økonomiske ressursane og interessene til NATO-statane og den politiske-militære makt desse representerer. NATO-alliansen er i dag truleg sterk nok til å setje seg ut over alle andre statar si insistering på folkeretten.

 

Nye oppgåver for historieskrivinga

At dei politiske, økonomiske og strategiske interessene som NATO-alliansen står for, blir utlagt i den offisielle retorikken som forsvar for menneskerettane, bør ikkje forundre nokon. Offisiell historieskriving i NATO-landa om Kosovo-krigen vil bli gjort i same perspektiv. Allereie tre veker etter at NATO starta bombinga kunne ein professor i historie ved Universitetet i Bergen slå fast at "NATOs intervensjon i Kosovo er en del av verdens tredje sivilisasjonsprosess". Han peiker på at intervensjonen kan føre til oppgradering av universelle verdiar i det internasjonale statssystemet. Dessutan: "Forsøkene på å vise at NATO og USA har skjulte interesser i denne krigen, har vært lite overbevisende". (Odd-Bjørn Fure i På Høyden. Internavis for Universitetet i Bergen. Nr. 8/ 14. april 99). Habermas står ikkje åleine. Massemedia si dekning av situasjonen på Balkan etter krigen har mest utan unntak hatt til hensikt å legitimere NATO sitt engasjement.

 

Forakt og atterreising

I eit litt større perspektiv representerer luftkrigen over Jugoslavia eit nytt og kan hende avgjerande steg i det fenomen som filosofen Arild Haaland under Vietnamkrigen kalla teknologisk fascisme. Utgangspunktet var den massive bombinga av Vietnam med dei store B52-flya som flaug utanfor rekkevidda for alt luftvernartilleri. Den overlegne krigsteknologien gjorde det mogleg å føre krig mot andre med minimal risiko for ein sjølv.

Habermas introduserte om lag på same tid eit begrep om teknologi og vitskap som ideologi i det velkjende essayet med same tittel. Med det meinte han at teknikk og vitskap ga opphav til ein ny ideologi, der dei framstår som normdannande tenkemåtar. Ved hjelp av desse begrepa frå Haaland og Habermas kan vi hevde at det teknologiske overherredømet til USA og Vesten har sitt ideologiske uttrykk i ein teknologisk-kulturell arroganse. Denne arrogansen oppfyller det sentrale kjenneteiknet i alle former for fascisme, slik Haaland sin kollega frå Bergen, Harald Ofstad, definerte den: Forakt for svakhet. Den teknologisk-kulturelle arrogansen er denne "nye" fascismen sin ideologi, den avanserte krigen er fascismen si høgste form for praksis. Forakten for andre sin veikskap er i dette tilfellet ikkje rasistisk, men ein forakt for dei andre sin teknologisk-kulturelle "underlegenhet" som ein har rett til å "knuse" -- rydde vegen for eigen ekspansjon seinare. Den teknologiske fascismen uttrykker samstundes ein vilje til å bruke overtaket til å utløyse krig mot dei underlegne utan sjølv å utsetje seg for risiko. Dermed er eit "menneskeleg" element ved krigen fjerna: Faren for gjensidig skade og død er eliminert.

Lenge før bombinga var avslutta, var planane om atterreising av Jugoslavia i gang. To veker før bombestans, fekk alle landa på Balkan -- Serbia inkludert -- eit historisk tilbod, ei intensjonserklæring, om medlemskap i EU. Dei ivrigaste bombepolitikarene i Norge var samstundes dei mest høgrøysta talsmenn/-kvinner for ei "Marshalljelp" til Jugoslavia -- etter nederlaget. Offerviljen er stor her nord.

 

Den nye fascismen sin vekst

Utviklinga av krigsteknologien i dette hundreåret har gradvis gjort denne fascismen til eit integrert fellesprodukt i dei høgt utvikla kapitalistiske landa. USA sine atombomber over Hiroshima og Nagasaki i 1945 -- ei bombing som ikkje betydde noko som helst for utfallet av krigen -- var den første globale manifestasjonen av dette. I den amerikanske kongressen vart bombinga legitimert med at det galdt å bombe Japan til demokrati av vestleg type -- altså ein "kulturell" og politisk bombe. Bomba over Hiroshima kosta 50.000 japanarar livet -- utan at ein einaste amerikansk soldat fall.

I Vietnam var tapstalet ca. 50.000 amerikanarar og ca. 500.000 vietnamesiske soldatar pluss ca. 1,5 mill. sivile, altså i forholdet 1:10 + sivile. Når USA likevel tapte krigen, skuldast det at det ikkje var politisk basis i heimlandet for å føre den teknologiske fascismen i det i og for seg "gunstige" forholdet 1:10 + sivile vidare. Det var altså ikkje bekymringa for at vietnamesarane skulle halde fram med å late blod i forholdet 10(+) :1 som uroa det amerikanske samfunnet. Tvert om: Ein fallen amerikanar for kvar tiande vietnamesar + sivile var likevel ein for mykje for den politiske heimemarknaden.

I Golfkrigen i 1991 hadde den teknologiske fascismen gjort nye framsteg. Tapstala på amerikansk side var no så mikroskopiske, at krigen framstod ideologisk som ein "rein" krig i motsetnad til Vietnamkrigen som var "skiten". Oppryddinga i etterverknadene av bruken av utarma uran i krigen kan kanskje endre dette inntrykket i opinionen etter ei tid, men førebels er det lite som tyder på det, ikkje på grunn av kjensgjerningane, men på grunn av undertrykkinga av dei.

Den teknologiske fascismen er altså hygienisk -- ikkje rasehygiene men krigshygiene er det sentralt kjenneteiknet: Kirurgisk bombing er dei nye hygienikarane sitt ord på deira praksis. På det reint menneskelege planet betyr dette at krigsherren og krigsofferet blir heilt framandgjorde i høve til kvarandre. Dei slepp nokon gong å sjå kvarandre inn i augene under kamp, høyre smerte- og dødsskrika eller kjenne likstanken av kvarandre. Erfaringa av desse reint menneskelege relasjonane blir ei eksklusiv oppleving for krigsoffera, dei svake og for dei som skal rydde opp etterpå.

I Kosovo mista NATO ingen soldatar i kamp. Serbarane mista ein stad mellom 500 og 1.000. Dei sivile direkte og indirekte tapa ved presisjonsbombinga er førebels anslått til ca. 2.000 pluss eit ukjent antal såra og lemlesta. Jugoslavia sitt nederlag var altså ikkje reint militært, men skuldast at det sivile baklandet med sin teknologiske infrastruktur vart så hardt ramma at den folkelege basisen for Milosevic sin krig etter kvart smuldra opp. Den teknologiske fascismen var særs "vellukka" for så vidt som han la øyde ein annan teknologisk struktur -- utan andre tap enn eit par nedskotne jagarfly (ingen menneskeliv) og ei helikopterulukke (to liv tapt) utanfor kamp.

 

Mediaturet

Eit anna viktig trekk ved den teknologiske fascismen er at den til skilnad frå ein klassisk fascisme ikkje nødvendigvis må ha ei organisert fascistisk rørsle med eit politisk parti og eigne valds- og "kultur"-organisasjonar i ryggen. Den teknologiske fascismen er bunden saman med den innfløkte og høgt utvikla infrastrukturen i dei industrialiserte landa, konkurransen og den sosiale klatringa som følgjer av denne Dermed er den knytt direkte til dagleglivet for alle som lever i slike samfunn, deira "livsverd".

Eit sentralt element i denne infrastrukturen er den omfattande nyhende- og kulturindustrien -- dei nye kommersielle media. Dei framstår ikkje som propaganda-apparat for eit bestemt politisk parti eller rørsle, men som ein del av samfunnet sin "natur" rett og slett. Dei produserer ikkje berre nyhende og underhaldning, men og konsumentar for desse produkta: Bevissthetsproduksjon. Denne produksjonen er kommersiell. Den er ikkje sett i scene av nokon "ansvarleg", identifiserbar politisk vilje, som i t.d. totalitære regime, men følgjer vareproduksjonen sin universelle og anonyme logikk. Desto meir effektive er media i sin bevissthetsproduksjon -- meir totalitære enn under noko politisk diktatur. Dei ideologiske varene er jo noko som konsumentane sjølve kjøper -- frivillig - når dei betaler for tv-kanalane sine eller når dei kjøper varer som har kostnadene med tv-reklamen innbakt i prisen. Den implisitte bodskapen i medieproduksjonen er at den er kommersiell -- produksjon for profitt. Kommersielle media eignar seg derfor dårleg som fora for konsekvent og uthaldande kritikk av dei kapitalistiske mekanismane. - I tillegg kjem den virtuelle effekten av dei elektroniske, audiovisuelle media. Dei produserer sin eigen massive, umiddelbare sansing slik at ekte erfaring av verda blir umogleg og røyndomen framstår som underhaldning, estetikk. Nyhendesendingane er redigerte som utgangspunkt for formidling av reklame, ikkje av kunnskap. Mediaturet, ikkje den fascistisk rørsla og primitive førardyrking, er den teknologiske fascismen si politiske uttrykksform. Både føraren og det fascistiske partiet er overflødig. Meir enn nokon gong er Max Horkheimer sitt utsegn om at "den som ikkje vil snakke om kapitalisme, bør ikkje snakke om fascisme", gyldig.

Dei norske -- for ikkje å snakke om dei "vestlege" -- kommersielle etermedia har då óg mest utan unntak vore talerøyr for NATO si krigføring. Ikkje minst i Storbritannia og USA, demonstrerte dei sin funksjon som ei fjerde våpengrein. Og det er sjølvsagt heller ikkje heilt tilfeldig at krigen mellom anna hadde som uttalt målsetting å innføre fri marknadsøkonomi i Kosovo, i følgje Rambouillet-avtalen, utan at denne paragrafen i avtalen var strengt nødvendig for dette sivilisatoriske formålet. Målsettinga ligg der uansett i kraft av den kommersielle logikken i kjølvatnet av erobringane til den teknologiske fascismen. Gjenoppbygginga av Kosovo vil ikkje bli noko stort offer for EU/NATO-landa: Tvert om -- den opnar opp for kapitalstraumar frå vest, nye investeringar, nye marknader, i sum: ny kapitalakkumulasjon. Viljen til å sivilisere "dei andre" under marknaden si vedunderlege verd er elles berre ein variant av forakten for veikskap.

 

Virtuell rett

Folkeretten er resultat av reint mellomstatlege mobiliseringar og forhandlingar på grunnlag av dyrt kjøpte erfaringar i Europa over 350 år frå 30-årskrigen med freden i Westphalen i 1648 til samanbrotet av aust-vest-balansen omkring 1990. NATO sin nye strategi med "rett" til å starte krigar utanfor folkeretten og FN-systemet, eliminerer desse erfaringane i eitt slag. Denne nye "retten" spring ut av det økonomiske og teknologiske overherredømet som óg er det materielle grunnlaget for teknologisk fascisme. Når NATO -- med assistanse frå filosofi og historievitskap -- kan legitimere krigen i Jugoslavia med direkte referanse til menneskerettane eller som eit steg på vegen mot ein universell rettsorden, ein del av "verdens tredje sivilisasjonsbølge" og liknande, får vi demonstrert tydelegare enn nokon gong at makt = rett.

NATO-krigen har slik vist at det ikkje er nokon motsetnad mellom retorikken om menneskerettar og teknologisk fascisme. Medan folkeretten bygger på at dei internasjonale styrkeforholda mellom statane er balanserte og avstemde, løfter den teknologiske fascismen seg over denne balansen og utfaldar sin nye rettsorden direkte ut frå sin overlegne maktposisjon. Referansen til menneskerettane er i denne samanhengen "berre" retorikk, men like fullt nødvendig retorikk i form av etikk. Etikken følgjer all maktbruk på same måte som skuggen følgjer mannen ein solfylt dag over torget: Brot på folkeretten kan berre legitimerast med referanse til ein endå høgare rett -- anten denne eksisterer eller ikkje. Med dei nye media er denne retten virtuell.

Dei fleste moderne moralfilosofar og moralskt engasjerte historikarar er -- med god grunn - motstandarar av den kyniske påstanden om at makt er rett. Men med si filosofiske og moralske rettferdiggjering av NATO-bombinga bidrar dei -- i den gjevne politiske og historiske samanhengen - aktivt til at NATO si makt i Kosovo ekvivalerer perfekt med NATO sin rett same stad. NATO er vinnaren, Milosevic taparen. Vinnaren er god, taparen ond -- enno ein mekanisme i den fascistiske logikken.

 

Atomvåpna sin rett

Har NATO sin krig i Kosovo og den nye strategien med "rett" til intervensjon utan FN-mandat skapt ein forsterka presedens for at andre statar kan bryte folkeretten med fare for auka internasjonalt kaos? USA og NATO har eit svar på det kaos som trugar. Her viser den teknologiske fascismen seg som ei etisk plikt til å overta rolla som "det internasjonale samfunn", "verdssamfunnet". Den er internasjonalistisk i sin retorikk, men innsnevra til Vesten i sin funksjon. Verdssamfunnet = USA/NATO -- i beste fall med FN på slep når det skal ryddast opp etter krigshandlingane med ullteppe, medisinar, mat og husvære for dei gjenlevande. Men då gjeld det at USA/NATO har eit økonomisk, teknologisk og militært overherredøme som er så sterkt at ingen kan truge alliansen sitt mellomstatlege valdsmonopol.

At folkeretten og FN er skuven til sides på denne måten, betyr derfor ikkje at til dømes Kina kan gå til krig mot Indonesia for å verne den store kinesiske minoriteten der. Valdsmonopolet kan berre haldast oppe ved å styrke og utvikle valdsapparatet. Eit anna resultat av Kosovo-krigen vil derfor bli ei auka militær kapprustning i heile verda, ikkje minst i NATO. Derfor vil det heller ikkje bli aktuelt at NATO seier frå seg "retten" til førstebruk av atomvåpen som etter kvart et blitt mykje meir presise og dermed taktisk operative. Denne "retten" blir viktigare for NATO enn nokon gong, då han fungerer som ein paraply for bruk av "konvensjonelle" våpen i out-of-area-aksjonar. Atomtrugsmålet er det mest eminente utslaget av den teknologiske fascismen og er i seg sjølv i strid med folkeretten. Slik blir "retten" til å gripe inn utanfor folkeretten, monopolisert. Kina kan berre halde seg unna Indonesia.

Folkeretten derimot føreset at den mellomstatlege valdsmakta er balansert ut frå ein underliggjande, faktisk balanse i dei internasjonale styrkeforholda. USA/NATO si undergraving av folkeretten er med andre ord ein verknad av at den gamle maktbalansen mellom Aust og Vest er gått i oppløysing som følgje av forsvinningsnummeret til "fellesfienden" -- Sovjetunionen.

 

Temp, tempo

Eit viktig trekk ved den nye forma for krigføring er at den er så rask. Det er mogleg på svært kort tid å mobilisere kampstyrkar med høgteknologiske, lett mobile våpen som blir styrte av profesjonelle soldatar (ingeniørar, teknikarar) og gjennomføre omfattande, kompliserte angrep. Det betyr omvendt at utviklinga av ein folkeopinion mot krigen, som alltid tar tid, kjem heilt i bakleksa i høve til militærapparatet. Vietnam-krigen var enno så langsam i sine rørsler at det etter nokre år kunne utvikle seg ein brei opinion mot han i USA og internasjonalt. Golf-krigen og Kosovo-krigen -- sjølv om den siste tok mykje lengre tid enn planlagt -- var så raske at anti-krigsrørslene aldri kom skikkeleg i gang. På grunn av dei høgt spesialiserte teknologiske funksjonane må denne forma for krig støtte seg direkte til profesjonelle soldatar, spesialstyrkar og våpenteknikarar. Mobiliseringa av vernepliktige tek mykje lengre tid og er aktuelt først dersom krigen må ned på bakken. Samla betyr dette at terskelen for å starte krig, blir lågare og at terskelen for motstand mot krigen blir høgare. Den teknologiske fascismen sin strategi går ut på å eliminere tida gjennom lyn-krigen (Blitzkrieg) -- demokratiet derimot treng tid, mykje tid.

 

Menneskerettane sin logikk

Det krigsbegrepet som er knytt til folkeretten, er defensivt for så vidt som krig berre er folkerettsleg leigim som forsvar av ein stats territorium, medan angrepskrig er i strid med folkeretten. Kvifor er det då så lett å bruke menneskerettane til å grunngje særinteresser, stormaktsinteresser? Dette er ikkje berre eit filosofisk spørsmål, men høgst politisk.

I motsetnad til folkeretten, som er historisk fundert og derfor relativ, ikkje absolutt, er menneskerettane grunngjevne som universelle -- tilsynelatande heva over alle tidsbundne og politisk-geografisk avgrensa rettsforhold. Menneskerettatane sin logikk er misjonær, offensiv, medan logikken i folkeretten er defensiv og avgrensande. Menneskerettane gjeld like mykje over alt, utan territoriell avgrensning. Dei gjeld out of area. Nettopp av denne grunn er det så lett å legitimere NATOs nye strategi, som hevar seg over folkerettens territorielle avgrensningar, med direkte referanse til menneskerettane.

Sjølve logikken i begrepet om menneskerettane innbyr til tanken om ei direkte realisering av desse opp mot dei einskilde individa - dersom ein berre hadde makt og vilje til det. Vegen til herretenking er ikkje lang. Men realiseringa av menneskerettane føreset i det minste bruk av makt og tiltak, herredømme. Den lange, kronglete kompromissvegen gjennom folkeretten, der skiftande styrkeforhold både mellom statane innbyrdes og mellom dei ulike interessene innetter i dei einskilde statane, gjer det vanskeleg og innfløkt å realisere sjølv dei enklaste og mest "sjølvinnlysande" menneskerettar. Men all erfaring viser at det fins ingen annen veg å gå. Folkeretten set kampen for menneskerettane på ei tolmodsprøve. Kor mykje "enklare" ville det ikkje vere å få desse rettane innført med eitt slag -- gjennom eit humanitært diktatur eller suveren bombing ut frå ein unik, global maktposisjon, til dømes gjennom ein uangripeleg militærallianse som NATO?

Nettopp fordi menneskerettane ikkje er grunngjevne ut frå historiske forhold, men framstår som tidlause, blir praktiseringa av dei lett vilkårleg og inkonsekvent. Milosevic sine brot på menneskerettane (etnisk rensing) blir framheva medan UCK-geriljaen sin tilsvarande praksis både før og etter den 24. mars 1999 (rett nok i mindre målestokk -- ca. 150 000 mot Serbias ca. 800 000) slepp unna. For ikkje å snakke om dei etniske rensingane som NATO-landet Tyrkia har gjennomført mot kurdarane før, under og etter siviliseringskampanjen mot Jugoslavia. Når den teknologiske fascismen praktiserer dei universelle menneskerettane, ender det naturleg nok opp i ein kynisk, moralsk relativisme. NATO/USA si favorisering av den tvilsame UCK-geriljaen på kostnad av den moderate og demokratiske albanske motstandsrørsla under Ibrahim Rugova er eit anna forunderleg og tragisk utslag av denne relativismen.

Medan realpolitikarane og deira medspelarar i NATO planlegg og gjennomfører krigen vel vitande om kva interesser som står på spel, vil det alltid vere eit kobbel av meir perifere politikarar som saman med ein heil liten hær av filosofar, journalistar og politiske kommentatorar i media meir enn gjerne viser fram den positive samanhengen mellom NATO sin krig og menneskerettane. Også talsmenn for Amnesty Internasjonal argumenterer i Habermas sine banar: "NATOs militære operasjoner på Balkan har således endret deler av vår rettsforståelse". (Per Thorsdalen, Balkan-ansvarleg i Amnesty International i Norge, Bergens Tidende 13.07.1999). På dette viset utfaldar "ideologane" ei sann ansvarsglede -- ein eigenskap Adolf Hitler sette høgt: Undersåttane si glede ved å identifisere seg med og ta ansvar for leiarane sine handlingar er uvurderleg for det fascistiske prosjektet. Utan denne allmenne ansvarsgleda (Verantwortungsfreude) er ein kvar leiarfilosofi uten folkeleg basis.

Men gleda ved å ta ansvar kan utvidast ennå eit hakk -- til eit universelt moralskt ansvar. Då er den moralfilosofiske retorikken god å ha: Vi er alle i same båt, og følgjeleg alle skuldige og dermed ansvarlege -- meir eller mindre. Slik blir ein opplært til å kjenne ansvar for forhold ein ikkje har makt over til å endre, det universelle ansvar for alt, ei sekularisert utgåve av sjølve arvesynda. På den måten blir vi endå meir makteslause. Vi får behov for ein frelsar.

Leiarane under den teknologiske fascismen opererer derimot sjølv i ein "sfære" av høgare orden med ein fullstendig distanse til konsekvensane av dei handlingane dei har gitt ordre om. Medan Hitler til slutt vart innhenta inn av krigen sine redsler ved å gjere sjølvmord, kjem krigens redsler aldri til å hente inn Bill Clinton eller Tony Blair. Milosevic derimot -- som representant for ein meir tilbakeståande, nasjonalistisk fascisme og følgjeleg den tapande part -- er i faresonen for å bli stilt personleg til rettsleg ansvar. I så fall blir det demonstrert nok ein gong at makt er rett.

 

 

Hans Ebbing leder kontoret for utbyygning og eiendomsförvaltning ved Universitetet i Bergen, og er medlem av tidsskriften Vardøgers redaksjon. Han har spesielt skrevet et antall kritiska analyser av Det norske Arbeiderparti og om Sosialistisk Venstreparti som har har haft flere tillitsverv i. Vardøger 24, 1998 var ett temanummer om "Globalisering - en dyd av nødvendighet?" hvor Ebbing bidrog med en analys "Mellom politikk og marknad- Norge frå utakt til takt."

 

 

 


Home

New

PressInfo

TFF

Forums

Features

Publications

Kalejdoskop

Links



 

The Transnational Foundation for Peace and Future Research
Vegagatan 25, S - 224 57 Lund, Sweden
Phone + 46 - 46 - 145909     Fax + 46 - 46 - 144512
http://www.transnational.org   E-mail: tff@transnational.org

Contact the Webmaster at: comments@transnational.org
Created by Maria Näslund      © 1997, 1998, 1999 TFF